I Ospene 7 ligg i dag Brunsj & Briller, men mange hugser nok bygget best som Fjøsen.
Bygget vart oppført som ein fjøs tidlig på 1900-talet. På 80- og 90-talet tid stod bygget til nedfalls, men i 1998 tok ein driftig gjeng med stardølinger tak i det gamle bygget og rusta det opp. Det vart ein stilig restaurant og pub. Konseptet vart etter kvart vanskelig å drifte og vart seld vidare. I åra etterpå har Fjøsen hovudsakleg vore drifta som pub. Her har blitt arrangert festar, dansegalla og andre større og mindre arrangement for bygdefolket. Den har vore mykje brukt av Jølstringar, men også av folk frå bygdene rundt. Det finnast nok mange som har eit og anna minne frå Fjøsen..
Etter mange år med fest og moro var det bestemt at drifta skulle leggjast ned. Her såg Elisa ein moglegheit. Fjøsen stod på ein eigendom med stort potensiale, men det var også mykje som måtte gjerast. Far til Elisa bestemde seg likevel for å slå til og dei kjøpte eigendommen. Etter nærmare to år med fleire runder opprydding, maling, eit nytt påbygg og generell oppgradering av heile bygget opna kaféen og optikeren for fullt i 2020. Eit lite hint av bylivet vart tilført Skei.